Erling Hustad utnemnt som æresmedlem i Norsk Leirskoleforening

Under årets leirskulekurs på Klokkerholmen (som var før jul!) blei vår eige Erling Hustad tildelt utmerkinga «Æresmedlem av Norsk Leirskuleforening» for sin mangeårige leirskuleinnsats. Vi gratulerer so mykje!!

Erling jobbar ikkje lenger her no, men han har vore både lærar og rektor på Bjørnsund i ein mannsalder! Han satt også heile 14 år i styret til Norsk Leirskoleforening, og jobba mellom anna for at leirskuleopphald skulle bli lovfesta for grunnskuleelevar, og slik blei det til slutt.

Leirskuleforeninga skriv om det nybakte æresmedlemet på heimesida si:

«Erling Hustad har stått sentralt i oppbyggingen av leirskolen på det lille øysamfunnet Bjørnsund i havgapet utenfor Molde.  Han stod bak en storstilt restaurering og oppbygging av leirskoleanlegget på bryggekanten på Nordre Bjørnsund, og internatet lenger inn på land, og sikret med det drift og aktivitet på det nedlagte fiskeværet.»

Resten kan du lese her.