Ein ivrig ryddegjeng! Det er gøy og viktig å rydde fjæra for plast og anna søppel, synes elevane.
I anledning den nasjonale strandryddeveka har vi rydda ei strand på Hammarøya! Kvar torsdag har vi opplegget «Livet i fjæra» der elevane lærer om tang og tære, og drar på leiting med bøtter og håvar for å finne dyr som lever i fjæresonen. Denne torsdagen hadde vi også med søppelsekkar og hanskar.
Elevane fann utruleg mykje søppel, mykje meir enn venta! Særleg mykje var det å finne innunder dei store steinane ved moloen. Det meste var tau og garnrestar frå fiskerinæringa. Men også flasker, korkar, plastdunkar og isopor. Nokre elevar gav verkeleg alt og jobba godt ilag for å dra fram vasar med tau og fylle opp i sekkar. Til saman vart det ca 80 -100 kg søppel!
Alle var godt nøgde med resultatet, og det kjennest godt å kunne delta i kampen mot marin forsøpling!
Elevane har dei siste vekene fått prøve seg på å rense ærfugldun! Vi brukar ei dunharpe: ei ramme med fiskesene spent på. Når ein dreg ei pinne fram og tilbake over harpa vil rusk og rask drysse ned. Til slutt sit ein att med ein dott herleg og mjuk ærfugldun! Denne duna er noko av det varmaste og lettaste som finnes, mykje varmare enn til dømes gåsedun.
Elevar prøver seg på rensing av dun. Det er masse arbeid!
Duna av ærfuglen er noko av det varmaste og mjukaste som finnes!
Det som skil ærfugldun frå anna dun er at den har små mothaker, slik at fjonene hektar seg inn i kvarandre. Til ei dyne av ærfugldun treng ein dun frå 60 – 70 reir. Å rense 1 kg dun kan ta fleire veker, so ei dyne av ærfugldun er nok eksklusive sakar! Det seies at kongen og dronninga har slike dyner..
Før i tida var det vanleg at folk langs kysten sette opp små hus til ærfuglen. Når ea satt seg på reir i eit slikt hus, var det lettare for ho å forsvare seg mot eggrøvarar som svartbak, kråke og mink. Folk gjekk gjerne runder langs husa for å passe på at ea hadde det bra. Som takk for hjelpa kunne dei plukke duna som låg att i husa når egga hadde klekt og ungane hadde kome på sjøen. På Bjørnsund og holmene rundt omkring står det i dag fleire slike ærfuglhus.
Vi veit ikkje om folk på Bjørnsund dreiv å sanka dun, men det har nok vore vanleg mange stader langs kysten. Vikingane sanka alt dun, ein har mellom anna gjort funn av ærfugldun i osebergskipet! Dun var ei fin ekstra inntektskilde, den var for kostbar å bruke sjølv! Tradisjonen med å sanke dun har holdt seg lengst nordpå, og på Helgelandskysten finnes det framleis øyer og holmer der ein driv og sankar dun, sokalla «dunvær».
Åretta fikk nyte flatt hav og mye høstsol, – fine badeforhold og lett å ro. På havfiske ble det mye stor makrell, småsei og en stor lange. I garna fikk vi blant anna rognkjeks, flere store lyrer og blåstål.
Nordbyen og Brekkåsen kom med stiv kuling, det ble ei utfordring for roinga når vi skulle sette og hente garn og teiner. Men havfisket gikk strålende i store dønninger, makrellen fylte baljene og vi fikk også noen store langer.
Med skolene fra Gossen, Lyngstad, Vevang og Hustad kom endelig godværet! Vi har fått rodd masse, blant annet til Søre Bjørnsund. Hver dag har vi badet i strålende solskinn, og det kribler skikkelig i magen når vi hopper fra kaia på lav fjøre. På havfiske fikk vi masse fisk; makrell, hestemakrell, sei og noen skikkelig store lyrer for å nevne noe. Noen fikk smake krabbe, strandsnegler og tang for første gang i sitt liv. Med tida og godt vær blir nok noen å ro tilbake til Bjørnsund en sommerdag!