Strandrydding på Hammerøya

Ivrige elevar rydda plast i fjæra med liv og lyst!

Ein ivrig ryddegjeng! Det er gøy og viktig å rydde fjæra for plast og anna søppel, synes elevane.

I anledning den nasjonale strandryddeveka har vi rydda ei strand på Hammarøya! Kvar torsdag har vi opplegget «Livet i fjæra» der elevane lærer om tang og tære, og drar på leiting med bøtter og håvar for å finne dyr som lever i fjæresonen. Denne torsdagen hadde vi også med søppelsekkar og hanskar.

Elevane fann utruleg mykje søppel, mykje meir enn venta! Særleg mykje var det å finne innunder dei store steinane ved moloen. Det meste var tau og garnrestar frå fiskerinæringa. Men også flasker, korkar, plastdunkar og isopor. Nokre elevar gav verkeleg alt og jobba godt ilag for å dra fram vasar med tau og fylle opp i sekkar. Til saman vart det ca 80 -100 kg søppel!

Alle var godt nøgde med resultatet, og det kjennest godt å kunne delta i kampen mot marin forsøpling!

Mykje tauverk og garnrestar      Elevane drog frem masse tau frå innunder steinane      Det vart samarbeida godt!     Nokon leitar etter dyr medan andre leitar etter plast.    Vi tar med oss 8 fulle søppelsekkar i båten.