Ny vaktmeister på huset!

I haust har vi fått oss ny vaktmeister på huset! Han heiter Ronny, er skikkeleg handyman og elskar alt som har med motor, olje og diesel å gjere!

I haust har han lagt si sjel i å fikse opp «Breiflabben», ein av leirskulen sine båtar, som det var mykje å gjera på. Som å reinske dieseltankar, installere navigasjonsutstyr og fikse hydraulikken på krana.

No er Breiflabben brukande til mellom anna transport av søppeldunkar og ikkje minst pallevis av matvarer!

Ronny er vidare lidenskapeleg opptatt av motorkross, og hummarfangst. Eller eventuelt krabber da, om det ikkje er hummarsesong. Ronny var ikkje sein med å melde sin interesse for krabbeakademiet her på leirskulen, so no det Ronny som er krabbesjefen på huset og styrar krabbesjået kvar onsdagskveld. Det kan rapporterast om god stemning og mykje latter her, kva som er so morosamt med krabber (eller Ronny?) får ein vite om ein kjem på krabbeakademiet!