Vi renser ærfugldun

Elevane har dei siste vekene fått prøve seg på å rense ærfugldun! Vi brukar ei dunharpe: ei ramme med fiskesene spent på. Når ein dreg ei pinne fram og tilbake over harpa vil rusk og rask drysse ned. Til slutt sit ein att med ein dott herleg og mjuk ærfugldun! Denne duna er noko av det varmaste og lettaste som finnes, mykje varmare enn til dømes gåsedun.

dekorativt
Elevar prøver seg på rensing av dun. Det er masse arbeid!
dekorativt
Duna av ærfuglen er noko av det varmaste og mjukaste som finnes!

Det som skil ærfugldun frå anna dun er at den har små mothaker, slik at fjonene hektar seg inn i kvarandre. Til ei dyne av ærfugldun treng ein dun frå 60 – 70 reir. Å rense 1 kg dun kan ta fleire veker, so ei dyne av ærfugldun er nok eksklusive sakar! Det seies at kongen og dronninga har slike dyner..

dekorativt

Før i tida var det vanleg at folk langs kysten sette opp små hus til ærfuglen. Når ea satt seg på reir i eit slikt hus, var det lettare for ho å forsvare seg mot eggrøvarar som svartbak, kråke og mink. Folk gjekk gjerne runder langs husa for å passe på at ea hadde det bra. Som takk for hjelpa kunne dei plukke duna som låg att i husa når egga hadde klekt og ungane hadde kome på sjøen. På Bjørnsund og holmene rundt omkring står det i dag fleire slike ærfuglhus.

dekorativt

Vi veit ikkje om folk på Bjørnsund dreiv å sanka dun, men det har nok vore vanleg mange stader langs kysten. Vikingane sanka alt dun, ein har mellom anna gjort funn av ærfugldun i osebergskipet! Dun var ei fin ekstra inntektskilde, den var for kostbar å bruke sjølv! Tradisjonen med å sanke dun har holdt seg lengst nordpå, og på Helgelandskysten finnes det framleis øyer og holmer der ein driv og sankar dun, sokalla «dunvær».