Tranproduksjon

Trantønna på Bjørnsund Leirskule

Trantønna på Bjørnsund Leirskule

I Ystebryggja på leirskulen står det ei tønne med noko gufne greier i. Ein litt klumpete, trådete masse med ubestemmeleg farge. Når elevane gløtter nysgjerrig nedi tønna  rynker dei på nesa. Eller rygger fleire steg bakover. Kva i all verda er detta?! Jo – detta skal bli edle dråper. Detta er nemleg trantønna!

Slik starta vi
Sidan i vår har vi samla lever i tønna, som Søre Bjørnsund Museum har skaffa oss. Lever av torsk, lyr, sei, hyse og lange, ja til og med av pigghå! Etter havfisketuren lærer elevane å sløye fangsten, og ta ut levera. Litt grisete er det å ta den ut av fiskemaga, og rive den laus frå dei andre innvollane. Men litt spennande er det også. So går levera i tønna, og resten går til måsen. Vi fylte opp nesten heile tønna før vi sendte den på sommarferie på museet på Søre, der dei ønska seg autentiske luktar til sommargjestene. I sommarvarmen blei det varmgang i tønna, og fiskeolje skilte seg ut. Vi hadde laga tran!

Tran i gamledagar
I gamledagar vart fiskeolje brukt til belysning, og vart difor kalla for lyse. Ein hadde lyse oppi tranlampa, og tente på ei veke. Det lyser akkurat som eit stearinlys, men osar litt meir. Den første gatebelysninga i byer som Københamn og Amsterdam var lykter som blei fyrt med tran! Også dei fyrste fyra som blei bygt langs kysten kunne vera fyrt med tran. Men tran blei brukt til so mykje meir! Ein kunne smøre båtane med tran, og skinnhyra for å impregnere den. Vidare kunne ein blande fargepigment i den og lage måling. Mange hus og naust på Bjørnsund var nok måla med tranmåling. Og vi veit at gamle kyrkja i Bud blei måla i 1707 med måling av tran og fargepigment. Sist, men ikkje minst, vart trana brukt som medisintran for både folk og fe, og i kosthaldet, t.d. som steikefeitt. Feitt var kostbar før, og ofte mangelvare. Og tran var slettes ikkje billig. Norge tente gode pengar på å eksportere den, og i 1860-åra eksporterte vi (i verdi) meir tran enn tørrfisk!

Vi tenner i tranlampa
Om det var artig å lage tran, er det enda meir artig å kunne ta den i bruk! Vi har fått låne ei tranlampe på Romsdalsmuseet. Og denne veka var alt klart for å tenne den for fyrste gong, på kanskje hundre år! Tranlampa ser ut som ein svart, avlang jernskål, med krok til å henge den opp og pigg til å kunne kile den fast i ein vegg.  Vi valte å hengte den opp, over eit bord  på Ystebryggja. På bordet står trantønna og ei flaske bjørnsundtran. So var det å helle litt tran i skåla, og legge i ei veke. Elevane satt som tente lys. Vi slo av lyset (det elektriske!) og tente på.. joda det blei ei flamme! Akkurat som eit stearinlys, eller kanskje litt mindre. Tenk at det sat i detta lyset, kanskje for å bøte garn, lese i bibelen, eller gjere lekser utpå kvelden..

Neste prosjekt
Vi veit ikkje kor lenge tranlampene har vore i bruk på Bjørnsund, men vi veit at det var vanleg at det stod ei trantønne i «kvar naust». Vidare var det tranbrenneri både på Søre, Nøre og Hammerøya. Ein brente også «bruntran»; da koka ein «graksa», det som var att av levermasse etter den første, blanke trana var tatt ut. Graksa kunne også brukast til å smøre båtlunnene med, eller gå til dyrefor. Ingenting vart kasta! Om nokon veit meir om tranproduksjon her på Bjørnsund, eller bruken av tran er vi  interessert i å få høyre om det! Vårt neste prosjekt blir å lage tranmåling, so det er vi spesielt interessert i å høyre om!

Posted by Lisanne de Blecourt in Aktuelt