Gallerier
Opplev Bjørnsund i sommer
Vi lagar tørrfisk!
Vi har prøvd oss på å lage tørrfisk i vinter. Å tørke fisken er rett og slett ein måte å ta vare på fisken på, og da treng ein verken salt eller fryseboks, berre kaldt vinterver og gjerne litt vind!
Kvar veke er elevane ute på havfiske, og i mars var det fin torsk å få. Til vanleg sløyer og fileterer vi fisken og leverer den på kjøkenet, men no gjorde vi slik:
- Sløye: ta ut innvollene, men la hodet sitte på!
- Flekke: skjær ut ryggbeinet
- Svarthinna: bruk ullvotter og gni bort svarthinna
- Vaske: skyll og vask fisken rein for blodrester
- Knyt to og to fisk saman ved sporen
- Heng over ein stokk på ein luftig stad
So er det berre å håpe på kaldt ver, og gjerne litt vind! Da tørker fisken bra. Det tok 4 -8 veker å tørke, avhengig av storleiken på fisken. Nå er fisken knallhard, og snart ferdigtørka! Og so har den fått skikkeleg «godlukt» – synes vi ;-D
Tørrfisk kan helde seg lenge, og den er sund og god! Vikingane laga tørrfisk, og dei hadde med seg tørrfisk når dei drog på tokt, den var lett å frakte, og dei kunne bruke den som handelsvare. Også allereie lenge før vikingtida laga dei tørrfisk i Noreg. Og vi gjer det framleis i dag. Mest nordpå, som for eksempel i Lofoten, men det går fint an å få til tørrfisk på Bjørnsund også, fann vi ut. Og, den er knakende god som snacks!
Vi har ledig kapasitet!
Vil di klasse komme på leirskule på Bjørnsund? Vi har noko ledig kapasitet framover!
På Bjørnsund vil elevane få ei unik erfaring med livet ved havet. Undervisninga er retta mot kystkultur og foregår i eit autentisk og ekte miljø med tjæra trebåtar, gamle bryggjer og ramsalt hav.
Elevane vil lære seg å ro og fiske, sette krabbeteiner og ta seg av fangsten sjølv. Vi tar storbåten på havfisketur og er nede i fjæra for å leite etter smådyr. Vi høyrer historier om livet i fiskeværet før det vart avfolka, og kanskje blir det tid til å hoppe i havet også! Vi er ute i ver og vind, og elevane får kjenne på ulike utfordringar, og ikkje minst gleden ved å meistre. Både elevar og lærarar vil reise herfrå med minner for livet!
Vil du vite meir? Ta da gjerne kontakt med rektor Sigurd!
Kontakt:
Sigurd Pedersen
Epost: sigurd.pedersen@hustadvika.kommune.no
Tlf.: 92254052
Trantønna på Bjørnsund Leirskule
I Ystebryggja på leirskulen står det ei tønne med noko gufne greier i. Ein litt klumpete, trådete masse med ubestemmeleg farge. Når elevane gløtter nysgjerrig nedi tønna rynker dei på nesa. Eller rygger fleire steg bakover. Kva i all verda er detta?! Jo – detta skal bli edle dråper. Detta er nemleg trantønna!
Slik starta vi
Sidan i vår har vi samla lever i tønna, som Søre Bjørnsund Museum har skaffa oss. Lever av torsk, lyr, sei, hyse og lange, ja til og med av pigghå! Etter havfisketuren lærer elevane å sløye fangsten, og ta ut levera. Litt grisete er det å ta den ut av fiskemaga, og rive den laus frå dei andre innvollane. Men litt spennande er det også. So går levera i tønna, og resten går til måsen. Vi fylte opp nesten heile tønna før vi sendte den på sommarferie på museet på Søre, der dei ønska seg autentiske luktar til sommargjestene. I sommarvarmen blei det varmgang i tønna, og fiskeolje skilte seg ut. Vi hadde laga tran!
Tran i gamledagar
I gamledagar vart fiskeolje brukt til belysning, og vart difor kalla for lyse. Ein hadde lyse oppi tranlampa, og tente på ei veke. Det lyser akkurat som eit stearinlys, men osar litt meir. Den første gatebelysninga i byer som Københamn og Amsterdam var lykter som blei fyrt med tran! Også dei fyrste fyra som blei bygt langs kysten kunne vera fyrt med tran. Men tran blei brukt til so mykje meir! Ein kunne smøre båtane med tran, og skinnhyra for å impregnere den. Vidare kunne ein blande fargepigment i den og lage måling. Mange hus og naust på Bjørnsund var nok måla med tranmåling. Og vi veit at gamle kyrkja i Bud blei måla i 1707 med måling av tran og fargepigment. Sist, men ikkje minst, vart trana brukt som medisintran for både folk og fe, og i kosthaldet, t.d. som steikefeitt. Feitt var kostbar før, og ofte mangelvare. Og tran var slettes ikkje billig. Norge tente gode pengar på å eksportere den, og i 1860-åra eksporterte vi (i verdi) meir tran enn tørrfisk!
Vi tenner i tranlampa
Om det var artig å lage tran, er det enda meir artig å kunne ta den i bruk! Vi har fått låne ei tranlampe på Romsdalsmuseet. Og denne veka var alt klart for å tenne den for fyrste gong, på kanskje hundre år! Tranlampa ser ut som ein svart, avlang jernskål, med krok til å henge den opp og pigg til å kunne kile den fast i ein vegg. Vi valte å hengte den opp, over eit bord på Ystebryggja. På bordet står trantønna og ei flaske bjørnsundtran. So var det å helle litt tran i skåla, og legge i ei veke. Elevane satt som tente lys. Vi slo av lyset (det elektriske!) og tente på.. joda det blei ei flamme! Akkurat som eit stearinlys, eller kanskje litt mindre. Tenk at det sat i detta lyset, kanskje for å bøte garn, lese i bibelen, eller gjere lekser utpå kvelden..
Neste prosjekt
Vi veit ikkje kor lenge tranlampene har vore i bruk på Bjørnsund, men vi veit at det var vanleg at det stod ei trantønne i «kvar naust». Vidare var det tranbrenneri både på Søre, Nøre og Hammerøya. Ein brente også «bruntran»; da koka ein «graksa», det som var att av levermasse etter den første, blanke trana var tatt ut. Graksa kunne også brukast til å smøre båtlunnene med, eller gå til dyrefor. Ingenting vart kasta! Om nokon veit meir om tranproduksjon her på Bjørnsund, eller bruken av tran er vi interessert i å få høyre om det! Vårt neste prosjekt blir å lage tranmåling, so det er vi spesielt interessert i å høyre om!
Magnus er tilbake som lærar
Etter Harald gjekk av med pensjon har vi fått ein ny lærar på Bjørnsund! Han heiter Magnus, er marinbiolog og driver med dykking i fritida. Da dykker han gjerne på gamle vrak som Rokta, og plukker med seg sjøanemoner, nakensnegler, sjøstjerner og anna spennandes frå havbunnen (som vi kan ha i akvariet!). Han er også styrer for Søre Bjørnsund museum, so han kan masse om gamle ting og bjørnsundhistoria. Magnus har jobba her i mange år før, han har berre hatt ei pause på åtte år. Vi er kjempeglade for å ha fått Magnus på laget!
Blåtur og avskjed med Harald
Vi skal lage tran!
Når vi sløyer fisk tar vi ut innvollene, blant anna levera. Måsen pleier å sitte klar for å få seg ei godbete når vi hiv ho på sjøen. Frå no av blir det andre boller! Vi skal legge ho på ei tønne og laga tran!
Rett attmed leirskulen ligg «tranbua», her stod det visst tønner på rekke og rad – fulle med lever. Etterkvart som ho rotna flaut olja opp. Olja kalla dei for «lyse», for ho vart brukt som brensel i tranlamper. Ho vart også brukt til såpekoking, til å lage tranmåling, til å smøre båtlunnene med og mykje meir! Det som var igjen av levermasse sokk ned i tønna og vart kalla for «grakse». Grakse kunne dei nytte som dyrefor.
Vi har fått oss ei fin tønne frå Søre Bjørnsund Museum, som vi har begynt å fylle opp i. Vi reknar med at so snart det blir litt varme i lufta, vil det bli gjæring nedi tønna – og da vert det garantert «godlukt»! Og- vonleg – tran!
Til sommaren sender vi tønna på utplassering til museet på Søre, for dei ønskjer seg autentiske lukter i samlinga si. So for alle som skal feriere på Bjørnsund: Kom og lukt!
Nytt akvarium på Instebryggja
Ny kollega!
Vi har fått ein ny kollega! Han heiter Sindre, og har fått den allsidige jobben som maskinist / vaktmeister / lærar. Sindre har kystkultur i blodet, er glad i både hav og fisk og ungar, og finn gjerne på noko sprell! I «fritida» driv han pub på Ona og er i tillegg profesjonell strandryddar. Med andre ord; rett mann på rett plass!